Tvistemøte og HMS-konferanse
I tillegg til vanleg internt arbeid har vi denne veka blant anna gjennomført tvistemøte med NHO og vår 2. nestleiar og KHVO, Frode Nirisen, har mottatt HMS-ærespris på bedriftas eigen HMS konferanse.
Tvistemøte LO – NHO
Tvistesaken som omhandlar tolkninga av Bransjeavtalens 3.7 var denne veka innom siste endestasjon før eit eventuelt søksmål og rettsleg behandling i arbeidsretten.
Saken oppsto i 2022 då fleire av våre medlemmer i inspeksjonsavdelinga vart gitt nye stillingsbeskrivelsar. I ettertid viste det seg at bedriften samtidig hadde redusert muligheten for lønnsvandring for dei samme medlemmene. Tidlegare var det mulig å vandre til lønnsgrad 14, mens bedriften hevda at dei nye stillingane kun kunne vandre til lønnsgrad 13. Ekofisk-Komiteen meiner at dette er brudd på Bransjeavtalen 3.7 som blant anna slår fast at “Skifte av stilling skal avtales med vedkommende arbeidstaker. Endringer i lønns- og arbeidsvilkår i den forbindelse, skal foreligge skriftlig før stillingen tiltres.”.
Tidlegare har Forbundet Styrke oppretthaldt dette standpunktet i tvistemøte med Offshore Norge utan å komma til enighet. Det samme vart tilfelle i forhandlingane mellom LO og NHO, men NHO ymta frampå om dette ikkje dette var ei sak det var muleg å bli enige om lokalt. Me avventar eit utspel frå ConocoPhillips, men vil vurdera søksmål for arbeidsretten om bedriften ikkje kan tilby ein lokal enighet som innfrir vårt krav.
HMS konferanse og ærespris
Onsdag denne veka deltok store deler av vernetjenesten, både frå land og hav, på årets HMS konferanse. Ei av rammene for sikkerhetsarbeidet for selskapet i Norge, er Havtils tema for året. Årets hovedtema frå Havtil i 2025 er “Kunstig intelligens er også en risikofaktor”, og KHVO Frode Nirisen holdt eit godt innlegg der han fekk fram vernetjenestens betraktningar og bekymringar rundt tryggleik og truslar ved kunstig intelligens.
Det vart òg delt ut HMS prisar der blant anna prosjektet Dysleksivennlig arbeidsplass fikk “helseprisen”. KHVO Frode Nirisen vart tildelt HMS ærespris for sitt årelange bidrag til HMS-arbeidet gjennom meir enn 20 år.
Et anna høgdepunkt var innlegget frå John Hammersmark, kjent frå TV-serien Kompani Lauritzen, der han kom med ei rekke kloke betraktningar, refleksjonar og råd rundt kva som skal til for at både individ og samarbeidet mellom dei skal fungera.